Glade vinnere av Vis med avis i Fana og Ytrebygda; Apeltun skole. Foto: FanapostenVis med Avis
Kvar vinter arranger lokalavisene og Avis i Skolen Vis med Avis for 7. steget.
Elevane les avisa si i ei veke. I veke etter er det test av kunnskapen.
Skulen og lokalsamfunnet: Med Vis med avis vil vi gi meiningsfull lesetrening, lokalkunnskap og engasjement. Læreplanen seier mellom anna at innhaldet i skulen skal knytast til lokalsamfunnet. Lokalavisa kan vere ein nyttig ressurs for å få dette til. Vis med avis gir merksemd om lokale aktuelle hendingar. Samstundes vert elevane kjende med lokalavisa og korleis dei kan nytta denne.
Det er konkurransar i tolv lokalavisområde: Askøyværingen, Bygdanytt, Bømlo.nytt, Fanaposten, Hardanger Folkeblad, Hordaland, Hordaland Folkeblad, Kvinnheringen, Nordhordland avis, Sunnhordland, Strilen og VestNytt.
Bli med på Vis med avis i februar 2014!
Detaljert informasjon blir lagt ut i løpet av våren.