I klassen går Mariell, Marius, Anna, Audun, Jonas, Stian, Sivert, Benedikte, Silje, Tom-Arne, Anne, William og Martine. Kontaktlærar er Trond Bjørndal.Vise elevar på Grasdal skule
atle@nordhordland.no
VANN NY KONKURRANSE: Frå før har dei både vunne Petter Puls-konkurranse og ein miljøkonkurranse, no har sjuande klasse ved Grasdal skule vunne konkurransen ”Vis med avis” i regi av Nh og ”Avis i skulen”.
Flatøy og overvaking
Fleire saker har tydeleg gjort inntrykk på elevane, ikkje minst striden kring nedlegging av naboskulen på Flatøy.
- Og så las vi at dei skal byrja å overvaka elevane på Meland ungdomsskule, der vi skal gå neste år, seier ei av jentene. Fleire har og merka seg Nh si kåring av ”Tiårets namn” og at bordtennisspelaren Tommy Urhaug vann. Men at Urhaug er handikapa og har gjort sine prestasjonar frå rullestolen, nei, det hadde langt ifrå alle fått med seg.
Når vi spør om kva dei ønskjer å lesa om, svarar fleire raskt at det må bli meir sport. Men politikk og slike saker som opptek dei, vert og fort nemnt. Om papiravisa overlever, synest dei naturleg nok er litt vanskeleg å svara på.
- Vi kjem garantert til å bruka nettet mest, men det kan godt henda vi vil lesa litt i papiraviser og, trur ein kar om korleis det vert når han vert vaksen.
Vand med konkurransar
Grasdal-elevane hadde kanskje eit lite fortrinn i konkurransen, dei er nemleg vande med å måtta lesa aviser for å svara på spørsmål. Via skulenettet har dei kvar veke det som vert kalla ”vekenytt” – spørsmål frå nyheitsbildet den siste veka.
- Vi les aviser og på nettet for å finna ut kva som har skjedd, og så har vi intern konkurranse, fortel dei. Og når vi spør om kva som er viktig akkurat no, kjem svaret raskt.
- OL, Petter Northug gjekk sjukt godt, seier ein kar.
Klassen er elles godt vand med å hevda seg i konkurransar. Kontaktlærar Trond Bjørndal fortel at dei både vann hoppetau-konkurransen ”Petter Puls” og ein miljøkonkurranse dei nyleg deltok i.
- Då vart det tur til Vannkanten, vi skal nok finna på noko gøy for sjekken frå Nh og, seier Bjørndal.